Velkomen til ei helg med godt fellesskap, god mat og åndeleg påfyll frå bøna si verd.
«Det er makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små…»
DAMEHELG 11.-13. SEPTEMBER
Hausten er tid for damehelg på Helgatun – ein god tradisjon og ei frihelg for deg. Her kan du senka skuldrene og koma til ferdigdekte bord, gode samtalar, åndeleg påfyll og varmt fellesskap. Nokon har laga programmet, kokken står for maten, og romma er gjort klare til ei god helg saman.
I år får me besøk av Herdis Austevoll, som vil ta oss med inn i bøna si verd og dela frå Bibelen og frå erfaringar med bøn i kvardagen. Ho har arbeidd mange år på Framnes og står tett på elevane i det kristne arbeidet på skulen.
Som i fjor får me òg glede av song ved Olaug Skjerve Gravdal, Grete Fjeldheim Måkestad og Hildebjørg Djupvik – ei musikalsk og åndeleg oppleving i seg sjølv.
Laurdag kveld får me besøk av ei spennande gjestekvinne som har gjort mange ulike ting gjennom livet.
Me håpar på fint haustvêr og legg opp til utelunsj for dei som ønskjer det, så hugs gode tursko om du vil vera med på tur.
Velkomen til ei helg med godt fellesskap, god mat og åndeleg påfyll!
Sylvi Røssland Sørfonn
Anne Marie Solsvik
Birgit Mørkve Hjelmeland
Program
Fredag 11. september
Kl. 16.30 – Velkomen til Helgatun
Kl. 18.30 – Middag m/dessert
Kl. 20.00 – Samling i peisestova
Laurdag 12. september
Kl. 08.00 – Frivillig bønesamling
Kl. 08.30-09.30 – Kaffi og morgonmat
Kl. 10.00 – Samling om Guds ord v/Herdis. Song av Olaug, Grete og Hildebjørg. Nattverd.
Kl. 11.30 - Fritid. Strikketid, pratetid, turtid.
Kl. 16.00 - Kaffi og litt å bita i
Kl. 18.00 - Festmiddag
Kl. 20.00 – Kveldssamvær. Kveldens gjest. Song av Olaug, Grete og Hildebjørg. Kaffi/te og noko attåt.
Sundag 13. september
Kl. 08.30-09.30 - Kaffi og morgonmat
Kl. 10.00 – Samling om Guds ord v/Herdis. Song av Olaug, Grete og Hildebjørg. Delestund og forbøn. Kollekt til Helgatun.
Kl. 13.00 – Middag
Heimreis
Pris og påmelding
Enkeltrom: kr 2600
Dobbeltrom: kr 2300 per person
Tresengsrom: kr 2100 per person
Dagsbesøk med mat: Kr 600
Påmelding:
E-post: helgatun@helgatun.no
Telefon: 56 51 98 98
HELGATUNHELG 30. OKT - 1. NOV