Kva skjer på Helgatun?

Vi ser fram til både vinterferie- og påskeferieopphald!

VINTERFERIE-OPPHALD

23. februar - 1. mars

Velkomen til vinterferieopphald på Helgatun – midt i smørauga for ski, leik og gode vinteropplevingar.

Helgatun er ein god stad å vera – ein plass prega av hjartevarme og ekte heimekos. Her vert du møtt slik du er, og det er lett å kjenne seg heime, anten du kjem med familie, vener eller åleine.

 

Hos oss kan du senke skuldrane frå første stund. Du kjem til oppreidd seng, og dagane startar med frukost som gjev energi til lange dagar ute. Du kan også smørja niste og fylle termosen med noko varmt å drikke. Etter frukosten er det sportsandakt kvar dag – ei fin og roleg stund til ettertanke før ein tek fatt på dagens aktivitetar. 

 

Når kvelden kjem, står ein god middag klar. Etterpå kan du samle deg i salongen, der det er rom for både gode samtalar eller leik og spel. Helgatun er ein sosial møteplass, men òg ein roleg plass der du kan finne fred etter aktive dagar.

 

Opphaldet føregår i eit trygt og alkoholfritt miljø, og passar like godt for heile storfamilien som for deg som ønskjer å kome åleine, men likevel vere ein del av eit inkluderande fellesskap.

 

Vinterferie på Helgatun passar for deg som vil ha:

  • Kort veg til ski og vinteraktivitetar
  • Ferdige måltid og enkel kvardag
  • Dagleg sportsandakt
  • Hjartevarme, heimekos og omsorg
  • Eit trygt, alkoholfritt og inkluderande miljø


Me gler oss til å ynskje deg velkomen til ei minnerik og varm vinterferieveke på Helgatun!

BOOK HER

Dagsprogram

Frukost: 08.30 - 09.30

Middag: 18.00

Kveldskaffi: ca. kl 21.00

Sportsandakt etter frukost

 

Innsjekk kl 14:00

Utsjekk kl 11:00

Prisar

Per person per døgn

Vaksne i enkeltrom: 1 290 kr

Vaksne i dobbeltrom/familierom: 1 150 kr

Born 8-13 år: 630 kr

Born 3-7 år: 520 kr

Born < 3 år: Gratis 

 

Dette er inkludert i prisen:

Oppreidde senger med handkle, frokost, niste, termos med varm drikke, middag m/dessert og kaffi+kveldskos med noko attåt.

 

Avbestillingsgebyr:

0-4 dagar før innsjekk: 1600 kr per rom

5-14 dagar før innsjekk: 1000 kr per rom

FAMILIELEIR I PALMEHELGA

27. - 31. mars

Palmehelga på Helgatun er meir enn ei fjellhelg – det er leir, fellesskap og påske i levande praksis. Her møtest familiar på tvers av aldrar til ei helg fylt av ski, latter, tru og sterke fellesopplevingar.

 

«Hvem trenger hytte på fjellet når vi har Helgatun?»


Dagane byr på skiglede i Myrkdalen, medan kveldene samlar små og store til aktivitetar, samtalar og ro i trygge rammer. Barna vert sett, ungdomane finn kvarandre, og dei vaksne får vere ein del av eit varmt fellesskap.

 

«Barna fikk en hjertelig plass i fellesskapet, og fantastiske barne- og ungdomsledere skapte gode minner.»


Gjennom helga får me også samlast om påskebodskapet – formidla med både liv og alvor av engasjerte

Familieleiren er:

  • for heile familien
  • i trygt og alkoholfritt miljø
  • rik på fellesskap, tru og hjartevarme

Ei helg som set spor – og som mange alt gler seg til før ho er over.

 

påmelding

Program

Fredag 27. mars

Frå kl 18.00: Innkvartering ved Helgatun

19.00: Middag 

Ca kl 20.00: Bli-kjent-samling

Etterpå:

Kaffikopp og drøs!

Leikar for dei som har begynt skulen

Ungdomstreff

Sosial samling for dei vaksne med ord for natta.                         

 

Hugs å setja termosen ned i matsalen før du legg deg!

 

Laurdag 28. mars

08.15-09.15: Fleksifrukost og nistesmøring.

09.30: Bibelsamling etter alder

Etterpå: Ut på ski!

18.00 Middag (hugs å levera termos).

19.30 Familiekveld

Etterpå:

Kaffi og noko å bite i og sosialt etterpå.

Leikar for borna

Ungdomstreff

Ord for kvelden for dei vaksne. 

 

Palmesøndag 29. mars

08.15-09.15: Fleksifrukost og nistesmøring.

09.30: PALMESØNDAGSAMLING for heile familien

13.30: Graut og niste ute

Ca. kl 14.00: Kostymerenn - med premiar!

18.00: Middag

19.30: Helgatunkveld

Etterpå:

Kaffi og noko å bite i og sosialt etterpå.

Kanskje vert det Kahoot i år også? 

Leikar for borna 

Ungdomstreff

Ord for kvelden for dei vaksne. 

 

Måndag 30. mars

08.15-09.15: Fleksifrukost og nistesmøring.

09.30: Bibelsamling etter alder

Etterpå: Ut på ski!

18.00 Festmiddag

19.30 LEIRFEST!

Etterpå:

Kaffi og noko å bite i og sosialt etterpå.

Song og delestund for ungdommane og dei vaksne

Leikar for dei som har byrja på skulen.

Ungdomstreff

 

Tysdag 31. mars

08.15-09.15: Fleksifrukost og nistesmøring.

09.30: Avslutningssamling for alle

11.00: Rommet er rydda og pakka ut

 

Ta med:

Sengetøy eller sovepose, laken og handle (dyner og puter har me på Helgatun). Varme klede, hue og vottar. Skismurning, solbriller og solkrem. Termos, sitjeunderlag el.l. Utkledning til kostymerenn!

 

NB! Ver venleg og meld frå om matallergi ved påmelding.

 

 

Prisar

Per person heile leiren:

Vaksne i dobbeltrom/familierom: 3290 kr

Born 8-13 år: 1990 kr

Born 3-7 år: 1590 kr

Born < 3 år: Gratis

 

Sengetøy/handkle kan også leigast på Helgatun om de ønskjer det.

 

PÅSKE-OPPHALD

1. - 6. APRIL

Når påskeveka startar, går me over i det me kallar Påskeopphaldet på Helgatun. 

Her vel gjestene sjølve kor lenge dei vil bli, og dagane får ein god balanse mellom fridom og fellesskap.

 

Atmosfæren er ei fin blanding av hytteferie og fellesskap. Morgon- og kveldssamlingar er opne for alle som ønskjer å vere med, og gjev rom for både ettertanke og inspirasjon. På dagtid står døra open for ski, turar, kvile og gode samtalar – i ditt eige tempo.

 

Kveldane på Helgatun er prega av leik og moro, med konkurransar, aktivitetar og mykje latter. Her er det lett å bli kjent på tvers av alder, og både barn, ungdom og vaksne finn seg godt til rette i eit levande og trygt fellesskap.

 

Ein av dei sterkaste tradisjonane våre er skjærtorsdagsgudstenesta med nattverd, i samarbeid med kyrkja på Voss. Då vert Helgatun fylt av både eigne gjester, hyttefolk og lokalbefolkning – ei høgtidsstund mange opplever som høgdepunktet i påska.

 

Under påskeopphaldet kan du nyte:

  • oppreidd seng
  • frukost med nistesmøring (med varm drikke på termosen din)
  • ekstra god middag med dessert
  • kveldskaffi som rundar dagen av i ro og fellesskap

Påskeopphaldet passar for deg som ønskjer ei sosial, varm og innhaldsrik påske i fjellet – med rom for både aktivitet, tru, leik og kvile, i Helgatun si hjartelege ramme.

BOOK HER

Dagsprogram

Frukost: 08.30 - 09.30

Middag: 18.00

Kveldskaffi: ca. kl 21.00

Samlingar morgon og kveld

Kveldsgudsteneste Skjærtorsdag kl 20.00

 

Innsjekk kl 14:00

Utsjekk kl 11:00

Prisar

Per person per døgn

Vaksne i enkeltrom: 1 290 kr

Vaksne i dobbeltrom/familierom: 1 150 kr

Born 8-13 år: 630 kr

Born 3-7 år: 520 kr

Born < 3 år: Gratis 

 

Dette er inkludert i prisen:

Oppreidde senger med handkle, frokost, niste, termos med varm drikke, middag m/dessert og kaffi+kveldskos med noko attåt.

 

Avbestillingsgebyr:

0-4 dagar før innsjekk: 1600 kr per rom

5-14 dagar før innsjekk: 1000 kr per rom